I går var det ein månad att til eg sit på flyet til Phuket og har reist frå alt det kjente og kjære. Sjølv om å gå på UWC har vore plan A sidan Rakel (11) høyrde om det, følest det veldig uverkeleg at eg no skal reise.

Som du ser frå årboka frå 6.klasse har eg hatt lyst til å gå på UWC lenge:

Eg planlegg nok ikkje framleis å bli konditor og trur eg har flytta økonomi høgare på lista, men UWC har vore målet lenge.

Heile vegen har UWC føltest abstrakt: Ein draum langt vekke, eit søknadsskjema som ikkje låg ute.

Men plutseleg skulle eg søke! Då måtte eg fylle ut det eine og det andre — som gjekk greit nok og vart gjort i god tid. Det var mykje verre å skrive det personlege essayet og teksten om forbildet mitt. Korleis skriv ein eit personleg essay? Kven er forbildet mitt? Så, som den prokrastinatoren eg er, utsette eg begge to til eg sat i India med kyssesjuka og hadde ei veke til søknadsfristen. Det vart eit par lange kveldar og mailar som trygla om tips til heimen, naboen og Abu Dhabi.

Til slutt sat eg på flyplassen tidleg om morgonen den dagen søknadsfristen gjekk ut og lånte mobildata av ein kanadier slik at eg fekk levert han.

Til min store overraskelse kom eg inn på intervju, der eg nølte meg gjennom vanskelege spørsmål medan eg følte framtida mi stod på spel. Veka etter kom svaret: Eg venta minst to timar før eg turde å åpne e-posten.  Til slutt stod eg saman med Emma, som også hadde fått mail, og etter at ho fann ut at ho skulle til USA måtte eg òg sjekke kvar framtida bar.  Eg las svaret eit par gongar før det gjekk opp for meg: Eg skulle flytte til Thailand!

“OMG Du blir bruuun heile året!!!!” – Pappa sin reaksjon

Det føltest så uverkeleg og så langt fram i tid. Men mailane kom ein etter ein: eg skulle velge fag, sende bilete, bli intervjua av faglærarar, og gjere lekser.  I juni var eg med på introhelg med dei 40 andre heldige 16-åringane som skal ut i verda. Der møttest vi alle i hop utanfor Oslo for å møte kvarandre og tidlegare UWC-elevar. Vi fekk råd om både det eine og det andre: Mental helse, kulturkræsj, livet etter UWC og generelle forventningar. Vi var litt skremde etterpå, men også litt betrygga.

Fast forward til notida: Eg har framleis eit par veker igjen, men likevel kun eit par veker til eg blir den første og einaste norske eleven på den (nesten) nye UWC-skulen nord i Phuket. Der skal eg, som dei 40 andre norske med plass heilt andre stad,  gå på skule og bu saman med ungdommar frå fjern og nær som garantert har ein heilt annan bakgrunn enn oss sjølve. Eg går frå å ha dansetimar i skulekvardagen til business management og teknologisk design, og frå å vere ein sjølvstendig hybelbuar med eigne reglar til å bu på internat, dele rom med andre og ha vaksne som skal passe på meg.

Ein kvardag der alt går på engelsk og vi diskuterer verdsspørsmål til frukost, men istadenfor at vi les om ting som foregår “langt vekke”, pratar vi med dei det angår. Og saman jobbar vi for at framtida skal bli meir fredfull og bærekraftig, gjennom frivillig arbeid, erfaringsbasert læring og mindfullness.

Det er ikkje lenge att.