Hugseliste: Bunad, vaffeljern og Melkesjokolade

Dei siste dagane har eg høyrt frå skulen og medelvar både støtt og stadig om alt vi må hugse å ta med, levere, skrive ut, skrive under – og i alle mailar, meldingar og innlegg står det at vi «sikkert er midt i pakkinga» og «snart på veg». Eg på mi side har derimot tenkt at eg har GOD tid.

Heile tida, frå eg fann ut at eg skulle til Thailand april, til eg sat heime framom den tomme kofferten, har eg tenkt at det var leeenge til. Så pakkinga har berre utsatt og utsatt seg, i takt med fleire og fleire vaksne som deler sine bekymringar rundt mi reise til Langtvekkistan.

Omsider har eg likevel klart å gå til innkjøp på flagg og Norsk Mat (Godteri), klipt håret, feira tidleg bursdag, «rydda» rommet til eg kjem heim og delt ut hadeklemmar. Til slutt greidde eg også å pakke saman ein koffert på 29,4 (!) kg, og endå kjennest alt heilt uverkeleg, spesielt det å seie hadet.

merk: eg og nye-kofferten matchar biletet på veggen.

Den siste natta før eg la ut på mi lange ferd då eg pakka dei siste restane, kjente eg sommarfuglane i magen. Ikkje nervøs, ikkje lei meg, berre litt spent. Eller kanskje innsåg eg at eg faktisk reiser no. Til Thailand, for å fullføre vidaregåande.

Men kvifor Thailand, er det mange som spør, så her kjem eit litt komplisert svar:

Når ein søkjer UWC søker ein ikkje til eit spesifikt land, og du kan heller ikkje endre på landet du får tildelt. Nasjonalkomiteen prøver å matche elevar med dei ulike stadane og ein kan komme med ynskjer, men ein må eigentleg berre stole på at dei gjer jobben sin, og at UWC-opplevinga er ei lærerik og kulturfyllt oppleving uavhengig av land.

Både før eg søkte og før intervju leste eg om alle dei ulike skulane og prøvde å sette meg inn i hovudfokus og forskjellar . I prosessen leste eg om Thailand-skulen, og bemerka at det var trist dei ikkje sendte norske elevar dit. For det har nemleg  aldri før vore nordmenn på skulen i Thailand, og originalplanen var vel ikkje at det skulle nokon dit i år heller.

På intervjuet fekk eg vite at dei i år hadde eit ekstrastipend og skulle sende 1 nordmann til den nye UWC-skulen i Thailand.  Vanlegvis sender UWCNorge alltid partal med elevar. Sidan det kan vere ei utfordring å reise aleine, altså utan å ha ein andreåring der fra før og utan ein norsk co-year blei eg spurt om korleis eg eventuelt hadde takla det og om det var noko eg kunne tenke meg. JA, sjølvsagt.

Stipendet fekk UWC Norge av Shelby Davis si ordning, Dare to dream. Han deler ut 100 stipend som det internasjonale kontoret i London fordeler og bestemmer kvar skal gå til. I år blei det slik at Norge fekk ein plass til Thailand, og den var eg så heldig å få kapre.

Så kryssar vi fingrane for at eg blir ei god prøvekanin, hæ?

Bilderesultat for thai flag