No er det ingen veg attende.

Tidlegtidleg Fredag morgon gjekk bilen til Sogndal Lufthavn. Enda hadde eg ikkje heilt innsett at eg skulle forlate alt og alle, men reisa måtte gå uansett om eg var klar eller ei.

Hardt og brutalt starta det då billetten sa eg kunne pakke 30kg, men dama i skranken slo fast at grensa låg på 23kg. Enda meir brutalt vart det då ho fortalde at flyet til Oslo var innstilt, og eg måtte vente 5 timar på neste, som igjen ville føre til at eg mista resten av flya mine. Stressnivået på Haukåsen var høgt og ingen hadde tid til å gi fleire svar, eg fekk berre sitte å vente på ny beskjed.

Da håpet for at eg skulle vere i Thailand ila dei neste 24 timane var ute, kom kapteinen til Ørsta/Volda og fortalde at dei hadde smekkfullt fly NOMEDEINGANG, men eg kunne sitte på framme for å rekke ThaiThai. Så eg sjekka inn i full hast, og ein grei mann i skranken skreiv at kofferten vog 25kg og sjekka den inn heilt fram slik at eg slapp å deale med det. Alle venta medan eg sprang smilande inn på flyet og mamma vinka til vi letta.

Rakel in cockpit having A BLAST, learning how everything works and discussing with captains how we can save the world. 

Eg rakk dermed Bangkokflyet med god margin og blei spurt mange nok ganga om eg reiste aleine.

Flyturen var lang nok på ca. 10 timar, med masse turistreklame og flyvertinne som bytta antrekk fleire gangar. Forlot Norge midt på dagen, og landa i Thaithai tidleg morgen.

Etter eit par timar venting med iskaffe og lekser på ein tom gate gjekk turen til Phuket. Ikkje sto det skilt på gaten, ikkje var det opprop og ikkje var det nokon som annonserte at flyet var 40 min forsinka. Eg var med andre ord litt usikker på om eg var på veg inn i riktig fly, men eg kom fram!

På flyplassen venta Phoebe, ein andreåring fra-USA-bur-i-HongKong-halvt-nederlandsk, for å ynskje meg velkommen og ta meg med til skulen, der ein liten gjeng med ankomne elevar med ein gang kom med gruppeklem og introduksjonar.

No starta eventyret for fullt.