Kjempemange koslege folk som tikkar inn, ein etter ein. Vi køyrde på med bli-kjent leikar og omvisningar og eg merka ganske tidleg at den eine foten min var litt rar.

På venstre fot har eg nemleg eit skrubbsår, så eg antok eigentleg at det var det som gjorde det litt ubehageleg å gå, spesielt i slippers (som eg for øvrig lev i). Observerte likevel tilfeldigvis at foten var blitt hoven og litt bleik, og da eg drog av sokken for å sjå nærmare på det, var rett og slett foten blå. Det gjorde ikkje vondt, men såg ut som eit heftig blåmerke.

“You should go to the nurse and get that checked out”

Men neida, tenkte eg, for det kom sikkert til å gå over etter ei stund. Så tenkte eg ikkje meir på det.

Seinare på kvelden var foten framleis ikkje betre, kanskje til og med verre, noko som gjorde meg mildt bekymra. Dermed gjorde eg det same som einkvar “uforklarleg skada” unge ville gjort: Eg googla det.

Det skal seiast at googling av symptom som regel ikkje fører til eit korrekt svar, tvert imot kan ein fort sjølvdiagnosere seg med kreft og få timar att å leve.

Hoven og blå fot etter å ha flydd langt, då var apotek1, NRK Livsstil og KK einige om at eg kunne ha blodpropp. Det skal ikkje mykje googling til før ein finn symptoma på blodpropp og det skal heller ikkje mykje til å kjenne seg sjølv att i alt.

LilleRakelUteIVerden ringte då mammapappa der heime og klarte raskt nok å bekymre dei, spesielt då Bestefar Lege meinte eg måtte til doktoren med det same. Det meinte imidlertid ikkje den portugisiske ansvarspersonen her, som heller syns ein ispose i 15 minutt gjorde susen.

Etter både ein, to og tre isposar fordelt på mange kvarter var foten framleis ikkje mindre blå eller hoven, og eg vart meir og meir skeptisk. Tenk om det er farleg då? Etter mykje om og men, alle vaksne sine meiningar og sikkert 5 telefonar med diverse helsesøstre gjekk det raskt frå “går straks over” til “vi ventar til imorgon, om det fortsatt er gale sjekkar vi det hjå doktoren” til “Finn fram forsikringa di NO, vi skal til sjukehuset”

Sjukepleiarane her er kjende for å ta alle mogelege testar og scans berre for å vere HEILT på den sikre sida, så eg var vel foreberedt på å bli her ei stund. For å komme inn på ER, Emergency Room, måtte eg brukerregistreres, blant anna svare på sivilstatus, yrke og religion.

Eg blei så ført inn til første sjekk av ein sjukepleiar, som var meir oppteken av kva slags allergitablettar eg tok enn kva som var greia med foten min. Enda ei stund gjekk og eg fekk komme inn på ER, blei lagt ned på ei sjukeseng og venta. Og venta. Og venta.

Sånn 100 år seinare kom legen inn og på dette punktet hadde eg på ein måte forklart greia med foten min til ein god andel sjukepleiarar og antok eigentleg at han hadde fått historia, men neida.

“you hit your foot?” “no” “yes, it’s blue”

kort forklart:

“does it hurt?” “no”

*gir meg smertestillende*

Det var masse venting, litt språkbarrierer og masse venting. Legen meinte i alle fall at dette var heilt normalt, sjølv om eg har flydd ganske masse uten å ha opplevd noko lignande tidlegare. Alle symptom og ubehag eg prøvde å forklare var det ikkje så nøye med, han hang seg meir opp i eit skrubbsår.

Så venta eg igjen, og igjen og igjen. Blei spurt om eg hadde forsikring, før eg venta igjen og igjen og igjen.

Oliver, den britiske mentoren som hadde vore med meg, var klar på at eg eigentleg ikkje trengde antibiotikaen og dei andre legemiddela eg fekk, noko eg i grunnen var einig i.

På thailandske sjukehus har dei kiosk, fordi kvifor ikkje, så på vegen heim spanderte han sjokolade og kokosvatn. Vellukka tur med andre ord.