Eg kan ikkje heilt hugse om eg har eller ikkje har vore eit bursdagsmenneske opp igjennom tidene, men eg er heilt sikker på at eg syntes det er mykje meir stas når eg er heimefrå og driv med heilt andre ting. Og eg syntes det er ekstra kjekt at min entusiasme for dagen smittar over på alle rundt meg.

Allereie igår kveld var eg i ekstase og telte ned dei siste timane. (Eigentleg har eg gått rundt og prata om dagen heile helga+)

“Guess what day it is tomorrow?” “Guess what happens in 43 minutes”, så meg og mine roomies var oppe til midnatt for å feire med litt deilig sang og dans og sprell, Feven fra Etiopia ga meg ein blyantkvesser og Hannah fra Kina ga meg ekte autentisk fantastisk matchapulver. Akkuratt då klokka slo 12 hølja det ned fra himmelen og det var heilt fantastisk så eg sprang ei litta runde i hagen og berre var gira. BURSDAG

Rundt klokka 6 vekte roomies meg opp med sang og kjeks på senga, klemma, “tradisjon” og ei “overrasking” som gjekk ut på at eg med bind for augene fumla meg fram til døra, åpna den og fann ei relativt stor pappøskje. Ut av den spratt Arianna fra Italia. “I am the present! I am so funny”

Eg kom inn i kantina til bursdagssong til frokost, kom inn til bursdagssong til Homeroom, kom inn til bursdagssong til snacks og til Lunsj. Gikk rundt å nynna for meg sjølv heile dagen. Linda fra Belgia og Venezuela ga meg ein button som eg gjekk rundt med resten av dagen. I tillegg festa eg ein ballong til skulesekken min, og følte meg som den ultimate lykkelige 3-åring.

Om du ikkje kan lese kva som står på buttonen: “Happy birthday to me”

Etter skulen for vi ein gjeng til stranda, Nai Yang beach og berre såg på solnedgangen og vassa og strålte.

Taxisjåføren var litt sånn middels forvirra så han tok eit par runda før han omsider slapp oss av på feil side av stranda. Då fekk vi sjå både den stille, tomme, turistfrie sida, før vi dro innover og fann MAT.

(F.v) Arianna frå Italia og Slovenia, Maya fra USA og UAE, Julie fra Ungarn, Leigha fra Jamaica, Betül fra Tyrkia og Karla fra Venezuela

Fredrik fra Danmark (vi snakka dansk heile tida, det e fantastisk!), Linda og Artem fra Russland

Ekte thai cuisine kanskje jeg vet ikke, eg fekk cashew fried rice servert i ananas, og smakte naturligvis på alle sin mat. Peanøttsaus, vårrulla, pad thai og ellers herlegdom. Vi skulle akkuratt til å pitle heimover då servitørane hadde fått tips fra en liten fugl om anledingen og kom syngjane med ein kake-is-krem-strøsselformasjon<3

Overalt i gatene selger dei frukt, i ny og ne får du kanskje smaksprøve av PERFEKT mango. Det fekk i alle fall eg:)

Tilbake på Boarding House var det full feiring med EID, og naturligvis enda ein bursdagssang og enda meir kake.

Eg og dansken tok tak i litt skanditraditions, på dansk riktignok, og eg fekk kort med helsingar frå heile gjengen. Også ekstra koseleg å lese alle helsingar heimefrå når eg er så langt vekke, set stor pris på kvar og ein. Fin-fin dag som eg sjølv velge å extende til veke, for å finne på noko rått i helga. Les: poolparty, ziplining, meir strand, mange fleire eventyr.

Pari frå Thailand som eg bur med er veldig glad i å bake og bakte tilfeldigvis 2 kaker til forrige bursdag her, så då var det plutsleg ei til overs til min dag:))))))