Jungelen er ganske spektakulær, den er det. Alle insekt er gigantiske, og all natur er ekstra frodig no som det er regntid. Ein heilt spesiell måte å oppleve det på, er å fly gjennom, langt over bakkenivå.

    Rita fra Russland, meg og Leigha fra Jamaica

Det er veldig mange turistar einige i, verkar det som, så ziplining er ikkje akkuratt vanskeleg å finne i Phuket. Vi valde den nærmaste (og billegaste), og køyrde tidleg søndag avgårde på eventyr.

Etter eit par svingar djupare inn i jungelen lurte vi nesten på om var komt feil, til vi blei møtt av hundar og lykkeleg vertskap.

Kjære mamma og bestemor; det var veldig trygt. Vi hadde sikkerheitsutstyr frå topp til tå og fotoglade instruktøra rundt oss til ei kvar tid. Ikkje skummelt på nokon måte. Men veldig veldig gøy! Fra tre til tre, hoppa vi og stemninga var berre heilt på topp. Leigha fra Jamaica smilte resten av dagen.

Rita frå Russland, meg, Leigha fra Jamaica, Josh fra Sri Lanka og Artem fra Russland

Etter 2km susande gjennom skogen fekk vi servert deilig frukt fra jungelen sjølv, før vi dro ned mot stranda og handla med oss frukt og Pad Thai. God avslutning på Birthweek, eit konsept eg anbefala alle.

Gatemat<3