Noko av det som skil uwc frå vanleg utveksling er at vi ikkje bur hjå vertsfamilie, men på skulen saman med alle andre.

Likevel kan det til tider bli litt mykje boble og derfor tilbyr fleire av uwc-skulane vertsfamilie til dei som måtte ønske, enten det er for å forstå kultur på eit djupare nivå  og dra ut på eventyr, eller det er for å kunne slappe heilt av og ikkje gjere nokon ting.

Heilt valfritt om du vil tilbringe mykje tid med familien din, overnatte i helger og dra på ferie sammen, eller om du berre vil ha det som ei moglegheit ein ettermiddag i ny og ne.

For min del hadde eg ikkje så mange formeininga, men tenkte det kunne bli artigt! Søndag var den store dagen vi alle skulle bli introduserte til familiane våre, og bakeglade som Villa-beboerane er, satte vi lørdag formiddag julemusikk på full guffe og stelte istand kake, kjeks og bollar for å imponere våre nye foreldre.

Eg og Anna frå Tyskland baka heile dajen

Ute pøsa regnet ned og inne oste det av nøtter og kanel, medan vi alle sang av full hals. Eg kan med handa på hjertet seie at tid i verkeleg verd og uwc-verd er to forskjellige ting, så jula kjem før vi anar!

«Verdens beste kanelbollar» etter mammas oppskrift

Verdens skjønnaste vertsmor er thai og elskar mat! I stor bag hadde ho med seg full piknik til sine to nye barn, meg og Hala frå Syria. Dessverre et ho sunn mat og trenar to gongar om dagen, så kanelbollar var ikkje midt i blinken. Null problem ettersom resten av skulen var sameinte om at kanelbollane var best i verden (takk mamma)

«You should sell these»

Men middag blei, på ein lokalrestaurant down the road, kor vi fekk servert ekte thai cuisine; curry og nudlar + grønnsaker av ein sort. Nydelig mat, vanskelege namn.

Annie jobbar i admin på skulen, er gift med ein australer som reiser mykje men som vi sikkert får møte ein gang. Ho har ingen ungar, men ein hund og ein død katt. Ho lærer oss thai og elsker eventyr som oss — og ho diskar opp med smoothiebowls og heimelaga soyamelk om morgenen og er verdens søteste, bittelille thaimamma.

Lykkelege meg då Annie kjøpte med selleri frå matbutikken<3