ADVARSEL: GRAFISKE BILETE

«Hei vil nokon vere med å sjå vegetarfestivalen imårra tidleg?»

Kult! Gøy! Vegetarfestival?

Sjukaste eg har sett i mitt liv.

Den siste veka feira thailand (spesielt Phuket) vegetarfestival, som vil seie at mat som i utgangspunktet er vanskeleg plutselig blir lettare tilgjengeleg. Veka før haustferie er også kjent som helvetesveka blant elevane,- førsteklasse har det litt enklare, vi held fokus på vår framtid og hadde fag korkje tirsdag eller onsdag, men heller PSAT, Career fair, workshops på digital footprint, sitering og IB-reglar, digitale hjelpemiddel, kartleggingstestar og mindfulnessrefleksjon. Sidan vi avsluttar første termin og alle har berre heilt sinnsjukt mykje dei skal levere, var likevel ikkje å dra til byen for festival noko som sto høgst på lista.

Likevel klarte skulen å arrangere det til at vegetar-thai-mat kom til oss, slik at vi fekk smake på sterk og peculiar mat ein ettermiddag, tenk sopp med sopp og sopp pluss sterkt,på alle mogelege måtar ( veldig godt)

Pari frå thailand bur i villaen med meg og lagde oppgitt vegan-måltid kvar dag, sidan familien er buddhistisk og etter vegetarfestivalsk tradisjon må dei ete vegansk i 10 dagar. Dette, forklarte ho, er fordi dei trur gudane kjem ned til jordan i desse 10 dagar, og dermed må menneske late som dei er gode, ikkje drepe dyr.

Så: «vil nokon bli med til tempelet for å sjå vegetarfestivalen i morgon? Vi reiser 6 og er tilbake før skulestart»

Ja, det er sikkert kult. Tidleg er det, men vi får litt innsikt i thai kultur, det blir gøy.

Alarmen ringte halv seks og vi drog oss opp av senga og hoppa inn i kvite klede, «purity».

Kvifor skulle vi besøke tempel? Kvifor så tidleg på morgonen? Spørsmål eg såvidt funderte på, men ikkje nok til at eg spurte.

Tempelet var fullt av kvitkledde, røykelse og journalistar, men eg skjønte ikkje heilt kor «vegetarfestival» kom inn i biletet.

«Oh let’s get closer, I wanna see»

«See what?»

«wait. Do you know what this is?»

«No?»

«they’re gonna stab eachother!»   — meg og Camilo frå Spania.

Så det er altså vegetarfestival i phuket.

Sidan gudane kjem ned til jorda, tar dei form i nokon utvaldes kroppar, så dei ikkje kjenner smerte ( ein forklaring, ellers skildrast ADRENALIN så høgt at ein ikkje kjenner noko(i tillegg til at dei vissnok er neddopa))

Kor spyd i munnen kjem inn i biletet fekk eg aldri forklart, men du skal visst ha mange spyd, tjukke spyd og gjerne vere kreativ med andre gjenstandar (palmekvist, kjøkkenknivar, skiftenøkklar)

Dei skreik, dei bar gudar på stolar, dei ropa, trampa og ba.

«Let’s go to the road and see the parade»

Trass folkemenga i vegen, gjekk trafikken som vanleg. Berre å passe seg, medan du observerte ein sirkel menn med forkle i sirkel med kvar si øks. Augene vart kvite, song dei eit slags mantra? Øksa blei plassert på tunga; og dradd fram og tilbake til rytmiske trommer.

«They’re torturing themselves to mimic the animals’ suffering» – camilo’s teori.

Så kom paraden, der alle bar på sin munnfull og vandra resten av dagen mot eit felles mål. Drakar, bilar, musikk og blod. firecrackers i gatene for å halde onde åndar vekk.

Journalistar sneik seg tett innpå, Aviv frå Israel snudde seg vekk for å ikke brekke seg, Camilo fra Spania sprang rundt og knipsa, med sjal som skjold for utslipp i vegen.

Camilo frå Spania skjermar seg fra eksos

Eg var mest sjokkert, og fascinert. Definitivt det sjukaste eg har opplevd, men samtidig er det enklare å akseptere når kulturen er så framandt. Spesielt løge dét at det ikkje stammar frå ur-tradisjonsr, men er noko relativt nytt dei fann på at dei skulle byrje med. Snodig.