Haustferien er i gong! Fredagkveld pakka eg speidersekken med nødvendige klede, bøker eg må lese på til neste termin, kamera og selleri. Saman med Arianna fra Italia, Leigha fra Jamaica, Betül fra Tyrkia og Karla fra Venezuela satte vi kursen mot flyplassen.

Singapore flyplass har heilt nydeleg flyplasstoalett –  kåra til verdas beste flyplass

Skulen oppfordrar (og bidreg økonomisk) sterkt til Studen Initiated Trips, så vi la ned mykje planlegging og utfylling av skjema, før vi satte oss på flyet til Manila. Med så ulik reisebakgrunn kan eg fastslå at det var ein stressa gjeng.

I Manila skal vi besøke Maanya fra India-men-bur-i-Philippinene i helga, før vi jobbar frivillig for Stairway Foundation i Puerta Galera, påfølgende uke, ein organisasjon som jobbar med rehabilitering av gategutter som ofre av mishandling.

Heimelaga indisk mat heime hjå Maanya<3

Allerede er vi glade i byen, som minnar om Newyork med mindre folk. Nye-byen full av skyskraparar og gamlebyen Intramuros, spansk kolonitid.

 

«Omg this is Europe» – Arianna fra Italia.

Katedralmuseet ga ettertanke, portretterte kristning og kolonisering som «filled with love» , og vi diskutert korleis vi lære historie ulike delsr av verda. På britisk perspektiv seier «we did them a favor» og i Tyrkia lærer ein ikkje om det i det heile teke.

Ti spennande dagar i vente før vi tura vidare med sekken på ryggen<3