Direktefly frå Manila til Bali var diverre full-booka, så det som kunne vore ein 4-timers tur blei fort til 18 timar med mellomlanding i Singapore. Kjipt, tenkjer du kanskje, men neida!

Singapore flyplass har vore kåra til verdas beste flyplass gong på gong, som ikkje er vanskeleg å forstå. Ikkje berre finn du kokande vatn i vanndispensaren og toalett lignande dei på Operaen. Her finst gratis kino, sommerfugl-hage, kaktus-hage, solsikke-hage, lotus-hage, gratis massasje, yoga, trimrom, utallige foodcourts, resturantar, shopping-mogelegheiter og free lounges, men ikkje minst: free city tour, for deg som har over 5 timar mellomlanding.

Eit reisemål i seg sjølv altså, den flyplassen.

Vi hadde nok av moro før alt åpna, og brukte eit par timar berre på å orientere oss til ein av dei nemde loungane. På med jakke, kompresjonsstrømper og sovemaske sov eg langt og lenge i ein lenestol, før vi sa oss klare til eventyr!

solsikkehagen på flyplassen

ultimate tourists

Bussen rulla gjennom heilt reine gater medan guiden fortalde om Singapore’s kultur og økonomi, og stoppa ved kule foto-motiv med mogelegheit for ei litta spasertur. Gamlebyen, sentrum, flotte bygg frå ditt og datt med dyre-dyre logoar og dyr-dyr kaffi og is.

Sol og god stemning!