Det er klart at du ikkje slepp vestelige kultur uansett kor langt vekk du reiser!

 

Parent-support-group på skulen er i allefall veldig oppteken av at ungane ikkje skal gå glipp av typisk USA sjølv om dei går på skule i thailandsk jungel.

Vi blei møtt på skulen av svindelvev, falske edderkoppar og lærarar med hogg-tenner.

Dagens kostymekonkurranse gjekk ut på kle seg ut som ein bok-karakter, så alle i Villaen planla kostyme og bytte-lånte villt fram og tilbake.

Eg og Arianna plukka til og med kvistar frå palmetre for å lage pil og boge til Katniss Everdeen. Ekte speiderånd!

På kvelden hadde vore kjære boarding-mentors pynta heile Loungen skrekkeleg og det var duka for fotografering, konkurrering og thailandsk skrekkfilm.

Eg kledde meg ut som baywatch. Skrekk og gru.