lille meg som aldri har vore eit løpemenneske har plutselig sprunge over 25 kiliometer. Alt gjer vondt. Men det er verdt det. Som min amerikansk-palestinske lagkamerat sa: vi spring for å auka merksemda rundt menneskehandel. Dei lev heile liv i fangenskap, det skal ikkje kjennast enkelt.

24-hour race. (anledningens instagram)

frå 09 om morgonen laurdag til 09 morgon søndag har kvart lag ein springar på bana. Mentor-lag, lærar-lag, atlet-lag, diverse elev-lag. Om dei vil gå, jogge, springe, krabbe, rulle – opp til dei. Men det skal alltid vere ein som beveger seg rundt, og kvar runde tel.

Utover dagen var det innslag frå syngande elevar, felles yoga og andre aktivitetar, og elles tok ikkje-springande elevar turen til Thanyapura for å heie.

Eg hadde tre tima skift på kvelden, men tok også over for spanske Camilo, då føttene sa stopp. Å springe ved midnatt høyrest ikkje så kjekt ut i utgongspunktet, men er ganske greit likevel når alternativet er midt på dagen i solsteik.

Det er fyrste gong det arrangerast på skulen i Thailand, men blir arrangert kvart år mange andre stader, og alle har samme formål: raise awareness for human trafficking.

Med medlemskontigent, sponsorar og donasjonar samlar vi i år inn til Child Rescue Nepal og The Good Shepherd Sisters Phuket.

Det er rart å springe slik, det kjennest ganske normalt og ganske likt liknande løp heime, berre at her skjer det vi redde så tett på. The good shepherd sisters er eit mottakssenter for kvinner, dei same kvinnene vi ser utanfor klubbar og barar i helgene. Ingen veit kor gamle dei er, eller kva som skjuler seg bak “exotic massage”, “finest thai girls” og dei andre dørene vi ikkje ser.

Organisasjonen i Nepal jobbar skulen med kvart år, I phillippinane hjalp vi til på rehabiliteringssenter for barneoffer og snart skal eg til ein organisasjon i Kambodsja. Dei fleste heime har høyrt rykter om kva som foregår her i regionen, og det skjer nok i større skala enn vi tenkjer oss til, sjølv om det skjeldent rapporterast eller blir fulgt opp av politiet.

I forkant av løpet oppfordra eg kjære facebookvener til å støtte med donasjonar og med det i bakhovudet sprag eg vidare, kilometer etter kilometer, rundt og rundt ein raudstubb.

Små og store bidrag sjokkerte alle: 10 000 bht kan hjelpe så utruleg.

Go team Goats! f.v Arianna frå Italia, Zane USA/palestina/Uzbekistan, Mert frå Tyrkia, Camilo frå Spania, meg, Alejandro frå Spania, Leigha frå Jamaica + Rebeca frå Honduras bak kamera

Hjarteleg takk!