«no one has ever done that before», sa Rebeca i det eg kryssa av for ‘tourism’ på visa-søknaden. 

Godt med vinterferie, og kjekt å oppleve noko nytt. Ganske utradisjonelt er dog Bangladesh, noko som gjer det ekstra spennande.

tidlegtidleg laurdag morgon sneik eg og Rebeca frå Honduras ut av internatet med sekk på ryggen. Eg lista meg medan eg satte kokosplanten min utanfor rommet slik at den framleis kunne få vatn medan eg var vekke, passa på å ikkje vekke nokon, sjølv om mange allereie sat på diverse fly.

Så fòr vi.

Rebeca pleide å bu i Dhaka, fram til terrorangrepet i 2016, og alle dei internasjonale elevane forlot byen. Eg visste lite om Bangladesh og booka spent billettar då mora hennar foreslo at eg kunne vere med å besøke når dei skulle dit i vinterferien. Rett etterpå googla eg litt rundt og leste informasjonen frå UD: vis høg aktsomhet; høg risiko for naturkatastrofe, høg risiko for terrorangrep, spesielt for utlendingar, høg risiko for kriminalvald, høg risiko for tyveri, høg risiko for overgrep, dekk deg til, hald deg unna store folkemenger, unngå å opphalde deg utanfor diplomatsona.

«Look!!! The sky is nearly going blue!»

Idèt vi landa, blei vi møtt av grå himmel på ein solrik dag. forureining. «Look, there’s the city. It looks like Divergent». sant. Bygningane dett saman, eller kanskje blei dei aldri ferdige. Mogeleg resultat av eit polarisert samfunn, der alt verkar å ta fryktelig lang tid. (les: trafikk).

Eit skjeldent syn: vegen nesten utan bilar

Det store klasseskilje kom ekstra til skulle vi merke meir av:

Bryllupssesongen er vintertid rett og slett fordi det er så varmt om sommaren og bryllup, det er Bangladesherar glade i.

«I’ll ask my friend if she knows about any weddings and then we can go», fordi framande i bryllupet ditt er heilt normalt(?) Same kveld var det siste bryllupet, svara Zara, som hadde gjesta minst eitt i veka sidan ifjor.

Rebeca vurderer kveldens antrekk

Vi fekk låne antrekk og stasa oss opp, men ikkje for mykje, sidan vi ikkje kjende brudeparet. «blonde» meg holdt seg heller i ein salwar kameez (?) og observerte svære, glitrande kjolar og sarees, med smykker som lyste til kina, ja til og med plagg frå paris fashion week. tek vi jaguaren eller porchen?  

Det er vanskeleg å fange kor overveldande det var med kamera, men eg estimerar godt over tusen gjestar, fordelt på salar inne og ute

Glitter, diamanter, roser, fontener. Eit kinolerrett med ein slags promovideo for tidlegare seremoniar brudeparet hadde hatt gjennom veka: Dei hadde servert ein heil landsby, leigd inn Indias største artistar, posert på utallige troner – eg vil gjerne samanlikne med videoar frå Kadetten, Øya eller Jugend. Har du sett crazy, rich asians, tenk større.

«The main reason people go is so they can take selfies»

Deilig bangladeshi mat, så mykje du kan ønske deg! Slik skal det altså vere i eit bryllup, så kan brudeparet leve lukkelig i alle sine dagar.