Eit aldri så lite bildedryss frå opplevingar i Dhaka:

“There’s nothing to do in this city”, vart sagt, for det er ikkje ein by laga for turistar, men trass stive utlending-prisar og lange distansar (gjort lengre av trafikk) fann vi både det eine og det andre å ta oss til

Beskyttelse: Å dekke seg til er ein ting, men antall mygg i lufta oppmuntrar høge sokkar og lange bukser. Merk Smertefulle oklar om natta. sommarstid kan du visstnok klappe hendene saman og ende opp med fleirsifra antall mygglik i handflata

Nasjonalmuseet

Claystation: kor kult er ikkje keramikk og pottemaking?

 

Vi budde oss på handverkarkunsten ved hjelp av youtube kvelden før, men konklusjonen er at det er mykje vanskelegare enn det ser ut til

når det blir for mykje trafikk og vi ikkje kjem nokon veg? då set vi oss ned og et dumplings vel.

marked.

marked på marked, dei fleste er som å gå inn i boden til besteforeldre eller oleforeldre og rote rundt. alt finst

 

Det vanlegaste framkomstmiddelet er sykkel eller rickshaws, som også brukast til å frakte ka det måtte vere.

den einaste turisten i Gamlebyen

Lalbagh fort. Store, rosa bygg og store, grøne hagar innanfor gjerdet. Stor kontrast til det utanfor.

Pynta seg: det verka svært vanleg å pynte seg i saree og dra til fortet for å ta bilder, litt som konfirmantbildene heime. 

Trass advarslane før turen, kjente eg meg aldri utrygg i Bangladesh. (kan det ha vore livvakten?) Vi spaserte lite, og holdt oss unna gatemat og gatekaffi, endå kor spennende det verka.

Kanskje var eg heldig, for planen var å reise attende til gamlebyen eter eit par dagar. Trafikken stoppa oss, og neste morgon leste vi overskrifter om brann og over hundre tapte liv.

Rart kjennest det, når ein er så alien, eg blir teken i handa og spurt om bilder kor enn eg går. Det bankar på bilvindauget frå ungar og vaksne som treng hjelp og mat. Dei følgjer etter oss på markedet. Vi ser kor lang tid alt tek, vi høyrer at det brenn. men vi er utanforståande, framande.