Vil vi komme på besøk å utforske ein heilt anna by i eit heilt anna land og eit heilt anna UWC? Over ei helg? Klart det!

Noko av det som gjer at UWC skil seg frå andre skular er kanskje alle moglegheitane som kjem opp i løpet av eitt år eller ein månad. Kanskje spesielt for UWC Thailand er det veldig oppfordra å reise rundt, møte andre skular og delta på konferansar.

Noko av det vi var mest gira over var kanskje kollektiv transport, som vi så sårt manglar i Phuket. 

Denne gongen var det ein UWC skule sjølv, LPC,  som arrangerte summit for peace and diversity , spesielt med fokus på minoritetar i HongKong. Kanskje ikkje heeeeilt applicable, men fortsatt aktivitetar vi kan lære noko av og ta med oss heim. 10/10.

Endeleg er det kaldt og ein kan gå med hettegenser og bukse utan å koke! Her frå ein aktivitet om privilegium

Thailandkidsa tar kollektivtransport på veg til nudlar og suppe!

Denne retten har eit namn.

Eg tykte det var spesielt artig å få henge med nordmenn, LPC har heile 5 stykke, å ete taco og rett og slett snakke norsk.

Også veldig kjekt er det å møte ein “søster-skule” som er veldig mykje eldre og meir etablert enn skulen i Thailand, med mange fleire elevar. På mange måtar er det svært ulike skular, men som samtidig deler mykje og har dei samme verdiane.

stranda nær LPC. Dei har også nærliggande starbucks og matbutikk som er veldig staseleg for oss thaielevar som må ein halvtimes taxi kor enn vi vil.

 Og sjølvsagt: sett bort ifrå nye venner og interessante samtaleemne er Hongkong er ein utruleg artig by, som eg personleg har veldig lite bakgrunnskunnskap om. Sjølv om vi hadde svært lite tid fór vi rundt for å oppleve litt av kva byen har å by på ,som boblete og eggevafler.

Eit marked vi gjekk forbi i regnet, men framande grønnsaker og frukter

 

Maud frå Nederland prøver eggevafler for fyrste gong.

Det går for seg.