Så satt eg igjen på flyet til Thailand med alt for tung koffert – nett so sist. 

Kofferten er full av: mat

Eg kjenne at ferien har flydd forbi og at eg kanskje har overestimert kor mykje jobb eg kan få unngjort i.la ein sommar. Det vil seie – ingenting, som eg stadig blir minna om kvar gong eg pratar med potensielle UWCsøkjarar som lurer på kor mykje jobb det er med ib. 

Sjølv om eg ikkje er klar for eit nytt år fullt av universitetssøknadar og oppgaver og eksamen er eg gira på å møte 40 nye ansikt som ikkje anar ka dei har i vente.   

Og så er det sjølvsagt deilig å reise til varmare strøk no som eg byrjar å bruke ullgenser heime i Norge.

 

 

(og så har eg lova mamma og Farmor og Sjur at bloggen skal oppdaterast hyppigare i år)