Lisjejenta!

Eg er svært glad i bursdag, spesielt når eg blir voksen. Ikkje at det gjer noken forskjell på internatskule for dei som lure på det. Men likevel. Spennande.

Sjølv om eg ikkje dro det ut til “birthweek” som eg gjorde i fjor   klarte eg å hype det opp, og sendte naturligvis ut påminnelsa til alle mine kjære. Ein tiandeklasse på skulen deler dag med meg, så vi gjorde det liksom til ei lita greie, slik at alle som møtte på oss fekk høyre kor lenge det var att.

Ellers fikk eg kake på “døra” frå mi kjære vertsmor i Japan og masse masse sang frå midnatt i villaen til frokost i kantina til kvar einaste time, skift i kaféen og ute på middag.

Eg har dessutan farga håret rosa for anledningen, berre fordi. Då eg besøkte Sjur på UWC i 2013 bestemte eg meg for at når eg gjekk på UWC, då skulle eg ha rosa hår på eit visst punkt. Og kva er vel ein bedre anledning enn myndighetsdagen? Tenker uansett at mamma set meir pris på dét enn ei tatovering.