CISVbarnet i meg hyla av fryd! Ingenting er som temauke, spesielt når du får vere arrangør av berekraftsveka på skulen og lede UWCday attpåtil

Vi kicka off veka med å samle matrestar fra kantina etter middag og mekka vafler, “lomper”, syltetøy, lappar og kjeks frå potetmos, frukt, yoghurt og graut.

Blant anna laga vi underskriftskampanjer for å ikkje ete kjøtt, dusje i 5 minutt og ikkje bestille ting, samt daglege quizzar og presentasjonar om ulike tema innanfor berekraft.

How would you design your sustainable city?

Ansiktsmaling!

Vi kjørte filmvisningar og diskusjonar på kveldstid, pluss kreative aktivitetar på dagtid og clothesswap på slutten av veka.

For å samle pengar til berekraftskomiteen fekk vi hjelp til å selje steinovnspizza og limonade.

Tskjortemaling!