Samhald, Fred og Berekraft!

Helga som gjekk feira vi UWC kvar einaste dag, trass at dagen eigentleg berre fell på laurdagen, FN’s peace one day 21 sept. Eg var seff med å organisere alt, (vart utevnt årets organisator i sjette klasse) og nøyt kvart sekund.

Fredagsmorgon kjørte eg CISVenergizers med 2. og 3.klasse før vi tok en tur i hagen. På ettermiddagen hadde eg ein aldri så liten danseworkshop.

UWCdagen handlar om fred og bærekraft og alt fint og fantastisk så heile dagen dedikerast til å reise rundt på øya eller bli på skulen å jobbe med prosjekt. Til dømes blei det planta over 800 mangrove-tre, vi plukka søppel og vaska skilpadder, mala skulen og lagde gjenbruksgjenstandar.

Rundt lunsj (ekstra god mad sjølvsagt) gjekk vi ein peace-march rundt skulen og sang og dansa ved Shaka.

Laurdagen leikte vi mykje “Rakeeel could you please do your norwegian games?“. Derfor slåball og erteposekasting frå meg, i tillegg til mykje anna gøy. Ekstra kjekt sidan dei fleste andreåringane plar låse seg inne med lekser og deadlines, endeleg hadde vi tid å tilbringe saman – og selvfølgeleg spele skulesporten vår Luib.

Arianna frå Italia og Karolina frå Slovenia i “haha game” 

Ja vi elsker erteposekasting

Kvelden kom og vi hang fairylights over heile huset til ein lys-og-navneskrivings-seremoni før vi alle delte dikt og sang på ulike språk i poetry-slam.

   Årets europearar