Pleace note that non-permitted protests – peaceful or not – are illegal in Thailand. 

Slik lydde eposten fra skulens rektor før vi gjekk inn i bilen og køyrde avstad, med handa om dei sjølvmåla plakatane og ei #fridaysforfuture spilleliste dunkande over høgtalarane.

Kledd i grønt for Green Walk, fordi det er ikkje ein streik eller ein protest. Berre ein liten spasertur. 

Det siste året har vi hatt mange samtalar om skulestreikane og korleis vi som eit UWC burde vere dei første til å rope i gatene – men også at vi er ein privatskule i ein turistby. Kven hadde vi streika for? Kva forskjell hadde det gjort?

Og så er det jo ulovleg.

Torsdag kveld blei tilbragt i Arts room, med overraskande få andre. Det gjorde ikkje noko, for vi laga plakat etter plakat, frå pappøskjer vi hadde funne i Recycling. Vi måla til og med ein med UWC-logoen, som vi seinare måtte legge att. Vi representerte ikkje skulen.

Ivrige foreldre og eit strandresort inviterte oss. Kanskje for ein god promotering. Kanskje fordi fire millionar ungdommar hadde streika veka før, men få i Thailand. Trass åtvaringa hadde fleire hundre elevar, vaksne og born frå rundt i Phuket møtt opp, og alle var klare til å gå over heile Layan Beach med plakatar, megafon og posar. Ingen ville vel komme å ta nokon som plukka søppel på ei strand frivilleg?

Greenpeace kontakta oss, eller Elham, som i det siste har vore i media angåande ein FNkonferanse, men vi fekk streng beskjed om at han måtte passe seg. Han ville ikkje risikere stipendet sitt, så reportasjen forblei ei utkast.

Det er rart å tenke på at i Norge hadde eg lett skulka skulen, laga plakata og ropt i ein mikrofon uten større bekymringar enn fråversgrensa. I Thailand lurer vi oss ut på kveldstid og håpar på all merksemd, men samstundes selektiv merksemd.

Og kor ulovleg det til slutt vart, eller kor stor forskjell vi gjorde for nokon. Vi ropte ikkje ut slagord, vi hadde ingen som tala. Berre ei drone og nokre kamera, ein megafon som ønskte velkommen og farvel. Om det så berre var kule bilete for å kunne vise at vi støttar saken eller om vi kan gjere noko meir i ein by der vi badar med publikum i solnedgangen