Alarmen er satt på 05. Regnet trommar og slår hardt, det er bekmørkt og eg listar meg gjennom gangen, passar på at alt er med i bagen. Ein fot ut døra, inn igjen. Tar på regnjakka, drar glidelåsen til nasetippen, festar borrelåsen, på med hetta, dreg i alle snorer. Eg går ein meter ut og er klissvåt. Heile vegen til kantina er blitt til ei 7 cm djup elv. Det var derfor vi måtte ha med byteklede. 

Frokost før frokost er servert betyr cornflakes og tørt brød. Alle er bekymra for at turen blir avlyst om det regnar, så vi latar som at vi likar å vere våte. Ingenting er for dårleg vêr, vi hoppar i bilen. Setebelta er øydelagte så vi kan leggje oss ned og sove i to timar, då er vi i Krabi.

Skoa skal sitte så stramt at det gjer vondt å stå oppreist. Speedboat til øya. Fjellklatring er stort i Krabi. Fjellveggen er av sandstein og formar seg slik at det nesten er som ein buldrevegg, og eg gløymer at eg har ein kalkpose festa i selen. Men så minnar spindelvev og eit par tre deg om at ein er festa i eit tau i eit berg. Og om ein snur seg har ein den utsikta.

Vi knyt nye åttetall og  prøver oss opp og ned dei ulike rutene før vi tek ein lang pause og nyt matpakkane frå Thanyapura på sanden medan det enno er fjære. Kanskje er det fordi dei skal pakke sandwich til et så lite tal at dei kan gje oss menyvarer frå kaféen eller kanskje er vi berre slitne. Grilla grønnsaker og geitost i matpapir har aldri smakt like godt. Dei meir erfarne klatrarane prøver seg på den høgste løypa sjølv om det verkar i alle musklar i kroppen.

Vi pakkar sekkane på ny og følgjer guiden inn i jungel og grotter. Riley Beach er kjend for grotta, stor og bekmørk. Guiden har hatt norske klatrarar før så han kan litt norsk. Høgre, venstre, opp, ned, Det går bra. Utkikksstopp.

Gruppa er av og til litt treig og grotta er smal så vi går ein etter ein inn i mørket. Eg har for lengst lagt mobilen i sikkrheit i sekken i frykt for å aldri sjå den att om den glepp så eg propriosepsjon og lysglimt frå dei langt bak til å føle meg fram til stigen. Etter å ha hatt på seg sele ein heil dag er det skummelt å skulle klatre opp glatt bambus utan å sjå nokon ting eller høyre nokon. eg kjenner at den enkelte stader er lagt dobbelt og den er festa i tau, medan det gyngar når eg heiser meg oppover. Om eg dett no – men det gjer eg ikkje. Så går selen på att og vi bind oss fast i fjellet slik at vi leike edderkopp nedover klippa.

Etter å ha sklidd gjennom gjørme og skog kjem vi rett ned på sanden, slik at vi kan hive på oss badetøy og springe ut i salt, klart vatn og svømme innover mot flaggermusgrotter. Gjett om eg skreik.  Sandsteinformasjonane over og rundt oss er som eit hemmelig paradis og vi utforskar med sola i ryggen og turnar i vatnet heilt til vi må dra oss heimover. Gjennom palmetrær og berg ser vi apekattar som ser på oss, dei er ikkje redde, dei følgjer oss heilt til båten og ynskjer oss god tur heim og ses snart.