Loy krathong er thai festival for vanngudinna, og det feirast med å sette dekorerte bananstammar til sjøs. Og massemasse deilig thaimat-boda strødd over heile campus

 

Naturligvis vil vi gjere det bærekraftig så vi passa på å kun bruke ressursa fra skulesida og nedbrytbare materiale som blei plukka opp frå fontena i etterkant. 

 

Eg fikk vere med på scena og danse Thai/Laos style. Derav sminken, håret og antrekket. Obligatorisk “familiebilde” fra framførelsen.

Nøyaktig ei veke før Loy Krathong hendte det eit noko kontroversielt angrep i Sør-Thailand uten at vi har fått heilt forklart kven som angreip kven i ei pågåande konflikt. 15 personar vart drepne o, utan at nokon på skulen  sa et pip. Veldig rart syns eg som er vand til at folk kjem saman og snakkar om terrorangrep, men veldig annleis er det altså i Thailand, her ein kan komme i fengsel for å kritisere regjeringa, militæret eller Kongen så det latast helst som at det ikkje er større konflikter i landet. Dog foreslo eg å tenne 15 lys for 15 liv og dele eit minutt i stillhet før det store showet, som heldigvis blei satt stor pris på fra Thaimiljøet.