Oppvokst i den vesle bygda Leikanger i Sogn, men alltid vore nyskjerrig på Den Store Verda. Etter at storebror Sjur forlot redet til UWC blei det målet for meg også. Etter eit år på hybel på Firda VGS var tida inne for å komme seg ut i verda, og eg fekk plass på den heilt nye skulen i Thailand, som første og einaste norske elev.

Her kjem eg til å skrive om livet på UWC Thailand, for at familie, venner og ikkje minst framtidige UWC-elevar skal få ei litta smakebit.